I harnisk etter transkvinne-nekt i friidrett: – Det er hyklersk
Transkvinner får ikkje lenger lov å konkurrere i friidrett som kvinner. Avgjerda til Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) blir omtalt som både modig og feig.
Torsdag førre veke stadfesta Sebastian Coe, presidenten i WA at transkvinner ikkje får delta i kvinneklassen i friidrett dersom dei har gått gjennom mannleg pubertet. Dette vil gjelde frå 31. mars, som òg er Transsynlegheitsdagen.
– Eg synest det er veldig feigt, seier Zooey Effy Perry til NRK.
Ho er transkvinne, handballmålvakt på Lambertseter og ambassadør for Athlete Ally som jobbar mot homofobi og transfobi i idretten. Perry stussar over prioriteringane til WA:
– Dei gjer det i rettferda sitt namn, men om dei verkeleg brydde seg om rettferd i kvinneidrett hadde dei sett på forskjellane i løn, premiepengar, mangelen på kvinner i leiarposisjonar, alle overgrepssakene som har kome opp i friidrettsverda. Det verkar som dei vil angripe transmiljøet, når dei burde brydd seg om andre ting om dei verkeleg brydde seg om rettferd i kvinneidrett.
Det er ikkje friidrettstrenar og samfunnsdebattant Frode Saugestad samd i.
– Det er bra og modig av WA at dei legg vekk kjenslene. Det er viktig å stelle seg edrueleg til desse spørsmåla, og basere dette på vitskap, meiner Saugestad.