PUBLISERT
30. mars 2023

 

Marit Johanne Bruset. Foto: privat
Marit Johanne Bruset. Foto: privat

Reidar Schei Jessen hevdar at mitt debattinnlegg i desemberutgåva skaper forvirring om behandling av kjønnsinkongruens. Han hevdar med referanse til den nye faglege behandlingsretningslinja for kjønnsinkongruens at eg etablerer «en unødvendig motsetning mellom bekreftelse og psykologisk behandling» (Helsedirektoratet, 2020). Han meiner forsking viser at kjønnsbekreftande behandling har positiv effekt på kjønnsinkongruens, og stiller følgande spørsmål:

«Hvordan ser Bruset for seg at vi psykologer skal møte ungdom med kjønnsinkongruens på etisk og forsvarlig vis uten å ta utgangspunkt i deres selvopplevelse?»

Ny informasjon

Eg vil ta utgangspunkt i ny relevant informasjon og svare på spørsmålet om kva eg vurderar som fagetisk forsvarleg behandling av unge med kjønnsinkongruens. Men først litt orientering om Genid, som Jessen omtalar som eit aktivistnettverk.

GENID er eit politisk og religiøst uavhengig nettverk for pårørande til barn/unge med kjønnsdysfori. Nettverket har som formål å sikre barn/unge trygg og forskingsbasert utgreiing/behandling.

Eg har saman med andre fagfolk engasjert meg i dette nettverket som støtteperson og er i dag styreleiar der.

I mange vestlege land er det danna pårørandenettverk pga. bekymring for korleis behandlingsapparatet møter barn/unge med kjønnsdysfori. Bekymringa gjeld mange forhold:

• umiddelbar stadfesting av den unges kjønnsidentitetsoppleving som låser situasjonen i eitt gitt spor før utgreiing er påbyrja

• foreldre som signaliserer tvil / stiller kritiske spørsmål til den umiddelbare stadfesting, blir sett på sidelinja, og sentral informasjon om den unges utviklingshistorie blir neglisjert. Det blir gjort ei rask/overflatisk utgreiing der alvorlege psykiske problem ikkje blir inkludert i vurderinga.

• innhenting av informert samtykke / informasjon til foreldre blir ikkje ivaretatt på ein tilfredsstillande måte før iverksetting av vidare behandlingstiltak

Kraftig kritisert

Bekymringa eg har uttrykt for utviklinga av behandlingstilbodet her i landet for den nye sårbare pasientpopulasjonen omtala av mellom andre Annelou de Vries, er relatert til Helsedirektoratets nasjonale behandlingsretningslinje (de Vries, 2020).

Marit Johanne Bruset etablerer en unødvendig motsetning mellom kjønnsbekreftelse og psykologisk behandling.

Retningslinja vart i høyringsrunden kraftig kritisert av fagpersonar frå Folkehelseinstituttet, Nasjonal behandlingstjeneste for kjønnsinkongruens og Norsk barne- og ungdomspsykiatrisk forening.

Les mer her